Forfattarane av boka «hjelpeprosessar og rettsbruk i NAV-kontor» presenterer boka, utgangspunkt for den og trekkjer opp sentrale tema frå boka. Episoden let deg bli kjent med innhaldet i boka og du møter forfattarane i samtale om kva sentrale sider ved arbeidet i NAV-kontoret inneheld. Sosialt arbeid vert presentert som ein funksjon – utført av tilsette i NAV, og slik i ein utvida forståelse av omgrep – som eit innhald i NAV-arbeidet. Rettsbruk er på same måte som sosialt arbeid ein funksjon som vert utført i NAV-kontora og av NAV-tilsette, og dei to pilarane rettsbruk og sosialt arbeid samverkar som rammer og reidskaper for arbeidet tilsette gjer- i møte med brukarar.
Podcast: Play in new window | Download (Duration: 36:18 — 49.9MB) | Embed