Livsmeistring i skulen var eit heitt tema då «folkehelse og livsmeistring» vart lansert som eit tverrfagleg tema i skulen, men no kan det verke som om debatten har stilna noko. Korleis er stoda i skulen no når ein har hatt dette temaet på timeplanen ei stund? Og kva legg ein eigentleg i omgrepet «livsmeistring» i skulesamanheng, og korleis er det implementert i skulen? Dette skal ein prøve å finne ut i forskingsprosjektet LIFE, som nyleg har starta opp. Leiarane av prosjektet Hildegunn Fandrem og Geir Skeie diskuterer temaet livsmeistring saman i podkast-studio i ein episode leia av programleiar Maria Gilje Strand.
Aktuelle tema som vert drøfta i podkasten:
- Kva legg ein i omgrepet livsmeistring i skulesamanheng?
- Korleis er dette tverrfaglege temaet implementert i skulen?
- Om forskingsprosjektet LIFE, og kva ein skal forske på i dette prosjektet
- Har debatten rundt livsmeistring stilna noko?
Les meir:
- Livsmestring på timeplanen – hvordan har det gått? (uis.no)
- Folkehelse og livsmestring (utdanningsdirektoratet.no)
- Livsmestring er blitt tverrfaglig tema i skolen (youtube.com)
Du finner transkripsjon av episoden her (pdf, Âpnes i nytt vindu)
Podcast: Play in new window | Download (Duration: 20:12 — 27.8MB) | Embed