#54: Kompetanseutvikling: Kva gjer skulane som får det til?

Korleis går ein frå kunnskap om kva som skaper eit trygt og godt læringsmiljø i skulen til å oppleve endring i praksis? Og kva kjenneteiknar kompetanseutvikling som gjev varige endringar i skulen?

I denne episoden av «Læringsmiljø i skole og barnehage» har programleiar Maria med seg spesialrådgjevar Guttorm Helgøy ved Læringsmiljøsenteret og Arne Fredrik Rygh, fagleder i PP-tenesta i Nordre Follo kommune, men også ekstern rettleiar i Læringsmiljøprosjektet.

Saman fortel dei om konkrete erfaringar med kva som fungerer – og kva skuleleiarar og tilsette bør gjere annleis dersom kompetanseutviklinga faktisk skal merkast i klasserommet og av elevane.

Transkripsjon av episoden

Faglig ansvarlig: Guttorm Helgøy