Korleis får ein til varige endringar i ein travel barnehagekvardag – der tida strekk ikkje alltid til, og gode intensjonar ofte stoppar opp? I denne episoden av Læringsmiljø i skole og barnehage utforskar vi kvifor endringsarbeid kan vere krevjande, og kva som faktisk skal til for å lukkast.
Programleiar Maria Gilje Strand snakkar med universitetslektor Anne-Lene Skog Dahl, som har lang erfaring frå barnehagesektoren. Med utgangspunkt i praksisnære døme forklarar ho korleis små, konkrete grep i kvardagen kan utgjere ein stor forskjell for barn sitt læringsmiljø og opplevinga av å ha det trygt og godt.
Episoden gir innsikt i kvifor det er avgjerande å halde fram med utviklingsarbeid – også når det er travelt – og korleis ein kan arbeide systematisk, steg for steg, utan at det blir overveldande. Dette er ein episode for alle som jobbar i barnehage, og som ønskjer å styrke både praksis og fellesskap i møte med barn.
Podcast: Play in new window | Download (Duration: 41:31 — 57.0MB) | Embed
