Episode 26: Behovet for meir leik inn i småskulen

Mange skular ser no mot barnehagen for korleis dette første året i skulen bør vere, og bruken av «Lekbasert læring» byrjar å bli «vanleg» i 1. klasse. Kan ein tolke dette som eit signal om at det er eit skrikande behov for å få meir leik inn i dei første trinna på skulen? Og kva bør skulane gjere når dei ser «skuleleie» elevar allereie i 2. klasse? Dette var noko rektor Tone Rabben Hølland opplevde på Grannes skole i Sola, og noko som førte til ein omorganisering av opplegget i 1. klasse. No nyttar dei ein kombinasjon av lekbasert læring, frileik og uteskule i 1. klasse ved hennar skule, og dette til glede for lærarane og elevane. No ynskjer rektoren å sjå på moglegheita til å ta med seg leiken inn i 2. klasse også. Dette er gode nyheiter, meiner professor Ingunn Størksen, som har vore med å utvikla lekbasert læring, som svært mange skular no nyttar. Høyr denne podkasten-episoden om lekbasert læring i skulen – og korleis leiken kan få ein meir naturleg plass i 1. klassingane sin kvardag.

 Aktuelle tema som vert drøfta i podkasten:

  • Korleis bør dette første året på skulen vere?
  • Kombinasjonen av lekbasert læring, frileik og uteskule
  • Teorien om lekbasert læring og forskinga som ligg bak
  • Kor viktig leik er for born
  • Leiken gjev rom for læring

 Les meir:

1.   Meir leik i småskulen har gjeve gode resultat (uis.no)
2.   Bok: Lekbasert læring (uis.no)
3.   Nettsiden til lekbasert læring (lekbasert.no)

Du finner transkripsjon av episoden her (pdf, åpnes i nytt vindu).